Guri Idsø Viken

Forfattar, samfunnsdebattant, litteraturvitar og politisk rådgivar

Foto: Agnete Brun/Aschehoug

KRAKK

Roman, Aschehoug, 2025

Arendal, 1885. Seglskutene lossar varer i hamna. Krystallysekronene er blankpussa. Borgarskapet gler seg til det årlege maskeradeballet.

Den rike arvingen Axel Herlofson har bygd eit imperium som banksjef og skipsreiar og eig halvparten av verksemdene i byen. For folk i Arendal er han vegen til velstand. Hangen hans til opium, gambling og yngre menn er ikkje like kjend.

Når den unge revisoren Thomas Berntzen finn feil i rekneskapen, er han redd for å miste både jobben og den store kjærleiken. Den einaste han kan dele uroa si med, er Agnes Mercier. Den elegante kvinna frå Paris driv kjolesalongen i byen, men skjuler både den skandaløse fortida si og Axels løyndommar. Så byrjar nettet å rakne.

Gamle ideal fell for nye idear. Dei beste familiane viser seg å vere dei verste, og ingen veit sanninga om kvarandre. Krakk er ein storslått roman om kjærleik, svik og klassekamp, basert på den verkelege historia om svindelen som endra Noreg.

Sagt om KRAKK:

“Viken skaffer seg mange nok ledetråder til å lage et stort og sprakende plot.”

– Ingunn Økland, Aftenposten

“Det er ein særs vellukka roman, frå start til slutt. Her er nydelege skildringar av overklassen sitt overdådige liv, ispeidd passande dosar sex, dop og spelegalskap. (...) Draget i denne gode historiske romanen kjem av fine karakterskildringar, spanande intrigar, og ei ulmande kjensle av at noko urovekkande kjem til å skje.”

— Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

“Selv om vi vet hvordan det ender med Arendal og Herlofson selv (...) - så blir vi fanget av den litterære dynamikken Viken klarer å skape. (…) Guri Idsø Viken viser seg uansett som en fremragende forfatter. Og hun skaper troverdige miljøer og tidsbilder ved hjelp av presise interiører og omgangsformer. Til og med erotikken får hun til!”

– Sindre Hovdenakk, VG

“Strålende om hvordan én hvitsnippforbryter ruinerte en hel by”

— Steinar Brandslet, Stavanger Aftenblad

“Krakk er en dramatisk og handlingsmettet roman om Axel Herlofson og omegn fra 1880 og frem til hans spektakulære fall. Guri Idsø Viken har gjort et grundig kildearbeid omkring Herlofson-familien, de sosioøkonomiske forholdene i Arendal i 1880-årene, samt selvsagt Axel Herlofsons økonomiske ugjerninger. Samtidig vet hun å benytte seg av romanforfatterens privilegium, nemlig fri og frimodig diktning.”

— Leif Bull, Dagens Næringsliv

“Et mesterstykke av en fortelling”

– Svein Gjeruldsen, Tvedestrandsposten

ARRANGEMENT